Kommunestyre- og fylkestingvalet 2023 er i gang!

Valansvarleg Wenche Johannessen til venstre, saman med nestansvarleg/avdelingsleiar Helena Schwartz. (Foto: Torill Elen Rønnekleiv)

I dag, torsdag, klokka 09:30 starta førehandsrøystinga i Stord rådhus. Førehandsrøystinga går føre seg i perioden 10. august til 8. september 2023 og på dei kommunale heimesidene meldes det at alt er klart.

– Me oppmodar om å førehandsrøysta. Ta med legitimasjon med fødselsnummer og bilete og kom, seier valansvarleg Wenche Johannessen. 

Opningstider for førehandsrøysting på rådhuset finn du her!