Den gong fem bakeri på Stordøy

Ola Martin Olsen og  Olsen Bakeri leverte nokre tusen brød kvar dag. (Foto: Tor Resser)

Tilbakeblikk: I slutten av april 1982 kunne 66 åringen  Olav Martin Olsen markera 50 år som bakar. Det gjorde han med å baka nye daglege brød i Olsen Bakeri, med lokale i kjellarhøgda i eige bygg ved Kjøtteinsvegen på Bjelland. På gateplanet var det utsal for brød – og ikkje minst – Olsen sine skorne tebrød med syltetøy i midten.  Så gode,  at vikajenter- og –gutar framleis kan minnast smaken.  

Dette året, 1982, var det offisielle folketalet i Stord 13 080. I kommunen var det fire lokale bakeri: Leirvik Dampbakeri, Frugård Bakeri,  Hystad Bakeri og Olsen Bakeri.  I Fitjar dreiv bakar Henriksen. I fjor passerte folketalet i Stord 19.000 – utan bakeri i drift innan kommunegrensene.   

Eit aldri så lite tankekors, kanskje?