– Kvar vart det av lyset i Storddøra?

Storddøra i opplyst versjon, slik ho trona på Moloen for nokre år sidan. (Foto: Bjarte H. Wilhelmsen)

– Eksakt svar på spørsmålet kan eg vonleg gje når me nærmar oss slutten av månaden. Då skal me har møte i utvalet med  namnet Kunstordninga i Stord, der manglande lys på Storddøra står på agendaen.  Så me jobbar med saka, og ønskjer oss tiltak som gjev lys velkomst til Leirvik når kveldar og netter blir mørkare.

Dette er  informasjonen Marit  T. Odland (Ap), leiar i Kunstordninga, kan gje på noverande tidspunkt når stordront igjen etterlyser lysa som forsvann frå Storddøra ytst i Onarheimsparken på Moloen.  Nettstaden spør på vegner av lesar,  som ikkje er åleine om saknet av ei lysande dør, skal det visa seg.

– Til utvalet er det kome fleire etterlysingar  av flaumljoset på Moloen, stadfestar Odland.

Sist saka var til behandling  i politisk utval i kommunen, vart det lagt  fram overslag med  høgare kostnad enn kva  ein hadde til rådvelde for dette konkrete prosjektet. Ein skulle difor sjå på andre løysingar.