Slik blir det når ein skal vaska vatn

Skummande kvitt i Rundingen søndag kveld. (Foto: Steinar Hystad)

Årsaka  kjenner me ikkje førebels, men det kan henda at dei som fekk det til å skumma i fontenen i Rundingen i helga, hadde planar om å vaska vatnet i «bassenget» der. Eller kanskje var det vask av steinane i same «bassenget» som stod på agendaen.  Fint blei det likevel ikkje med eit skummande kvitt vasslok i pyntedammen i Leirvik sentrum.

Særleg trong for etterforsking skulle ikkje til for å finna årsaka til skummet. I vatnet låg ei tomt Zalo-flaske. Det er å vona at  åtaket på fontenevatnet  ikkje medfører skade på pumpemaskineriet – som måtte gjennom ei større oppgradering før sesongopning i mai i år.

Fontenevatnet blei vaska med Zalo. (Foto: Steinar Hystad)