Fitjar kommune melder på sine heimesider at landbruks- og miljøkontoret får inn fleire meldingar om planten landøyda og at dei difor vil gje litt informasjon om arten.
Landøyda er ei fleirårig plante som er giftig for folk, storfe og hest. Den veks langs grøfter, vegar og skogkantar og i eng og beite. Landøyda er giftig både når den er fersk og tørka. Planta spreiar seg og det er difor viktig å vere merksam på kva som kan gjerast.
Enkeltplantar kan lukast vekk med hanskar og bli kasta i restavfall. Større førekomstar kan kuttast før frøsetting og hivast i restavfall. Sjå faktaark for meir informasjon.
Saka er henta frå Fitjar kommune sine nettsider,