Rosanne pyntar opp

Fin gatepynt i lilla og grønt. (Foto: Steinar Hystad)

I det kommunale bedet nedst i Torgbakken vart det for to år sidan planta nytt,  og når me i desse dagar kan nyta eit sommarleg  fargehav, er me samstemte i at Rosanne i geranium-familien var eit ypparleg godt val. Same blomeslaget, som gledeleg nok er stauder og kjem att neste år, viser sin venleik i eit av beda ved Sunnhordlandshopen. Nyt synet, godtfolk.