Forrige gong stordront viste bilete frå den vesle utsiktsparken inst i indre Borggata (nett før Frugardsbrua), var heile arealet stort sett overgrodd av ugras. Det var ufint rundt skiferheller, bord og benker – som i grusområdet ved sida. Når det i seinare tid er fjelga fint, skal det sendast ros til rette instans. No er det berre å setja seg ned i den vesle parken og nyta utsynet mot Vikafle og Borgundøy.
Biletet