Svart skjerm i Sandvikvåg

Ingen info frå info-tavla, for tida. (Foto: Steinar Hystad)

Litt usikker på kven dette vesle innspelet skal sendast til, men meiner me endar hjå Vegvesenet som eigar og drivar av ferjekaiane.  Denne gongen gjeld det den digitale informasjonstavla  i Sandvikvåg, som over tid no ikkje har hatt noko særs informasjons å by på.  Altså svart skjerm.

Det vanlege har vore melding om neste/komande avgang mot Halhjem.  Og kanskje er det slik blitt, at trongen for å vita neste avgang ikkje er så overveldande stor sidan det store deler av døgeret  berre er korte 20 minutt mellom kvar gong ferja smett i støet.  Sett med turistauge ville det likevel  vore flott service med lesbare avgangstider på tavla.  Ingen tvil om det!