Pitla eller plukka (eller plokka, på godt stor’amål). Ja, kva er det rette ordet å bruka når me går til ripsbusken eller dei ville bringbæra som no byr seg freistande fram, for å fylla godsaker i spannet. Pitlar me bæra, eller plukkar me, og kva om me brukar den raude innretningen, populært kalla «plukkaren»? Kanskje me då haustar bæra?
Stordront kom på gata i går i rimeleg heftig diskusjon om kva som rettaste nemninga på bær-gjeremålet. Har nokon i lesarkrinsen vår klar meining i saka, er det berre å senda si ytring til tips@stordront.no