Den som kasta blikket mot Kattnakksfjellet måndag morgon litt før sju, kunne med sjølvsyn stadfesta at dei hadde evig rett, røystene i radioen som hadde den daglege vêrpraten. Dei snakka mykje om at siste måndagen i juli i år ville bli prea av lokale skoddedottar. Akkurat då hadde det krølla seg til med tjukt skoddelag på Kattnakken ( 724 moh). Det er von om lette i det låge skylaget utover dagen…