Gøyalt båtnamn

Smilande namn på flott seglar (Foto: Steinar Hystad).

Ved nærare studie av skroget på seglaren med det gøyale namnet «Red Shoes», var det lett å oppdaga kvar namneinspirasjonen var henta:  Nede, mest i vassloket,  var det mala to knallraude  tjukke striper rundt heile skroget. Det var dei «raude skorne», skjemta  reiaren. Og vedgjekk at det var henta inn ein del smilekommentarar for namnevalet.