Vintercup for lilleputtar 1981

I svarte draktar bak: Stord lilleputt A, med pokalen som vinnarar av Vintercupen 1981 I fremste rekkje – finalemotstandar Stord lilleputt C. Merk den våte grusbanen.(Foto: Tor Resser)

På ein trasig og blaut  grus på «gamle» Åsbanen, vart det onsdag ettermiddag 25. mars 1981 spelt finale i den då nyskipa  Vintercupen for lilleputtlag. Kampen stod mellom Stord A og Stord C, der  A kunne gå av banen som sigrande.  I referatet frå oppgjeret vart det sendt ros til C-laget, for tapper innsats og minna om at det var to års aldersskilnad mellom finalistane. Åtte lag var med i cupen.