Kveldstur i hamnebassenget

Synkronsymjing på andevis. (Foto: Steinar Hystad)

Stolte andemor hadde med seg alle fem småane i fin formasjon, då ho tok seg ein tur mellom gjestebåtane i Leirvik hamna måndag kveld.

Det symjande følgjet fekk mange beundrande blikk og gode kommentarar – og til slutt også det andemor tyktes vera særs interesserte i: – nemleg nokre skjever til kvelds. Under måltidet tulla det seg litt til i formasjonssymjinga – men ikkje verre enn at mor snøgt samla troppane før ferda vidare mot  trygg hamn for natta.