Strålande over Kattnakken

Herlege Stordøy i medvind og motlys. (Foto: Steinar Hystad)

Dei tre høgste fjelltoppane på  herlege Stordøy ligg på eit vis på «rekkje og rad» over Langenuen, noko  som kan provast om ein ser øya frå aust. Det var då også målet med dette biletet, men så overtok brått vasstunge skyer,  iblanda strålande solgløtt og glimande sjø hovudrolla i motivet. Slik kan det bli i  skiftande vèr.

Frå venstre mot høgre byr fjellrekka på desse høgder:  Stovegolvet 704 moh, Kattnakken 724 moh og Mehammarsåto 749 moh.