Det er mest som ein stordabu kan bli misunleg på rosendølane når det gjeld fasilitetar medan ein ventar på buss eller båt. I eit parkmessig opparbeidd område på kaien i baronibygda, er det sett opp eit fint bygg med venterom og wc toalett.
Innandørs, i ly for pøsvatn og vind kan ein sitja i påvente av vidare transport. Ein slik skyss-stasjon, og ikkje minst eit off. avtrede, har vor på drøftingsstadiet for Leirvik i mange år. Rosendal viser kor greitt det kan gjerast.