Innstilte på at det kunne bli blautt i løypa, trass i at søndagen opprann med blå himmel med noko gult på, stilte atten friskusar på startstreken for det tradisjonelle motbakkeløpet på Nordhuglo. Huglo IL arrangerer, og løypa går frå kaien til varden på Høgafjellet 219 meter over Langenuen. Undervegs må myrar forserast, og etter to veker med styrtregn resulterte det i særs våte sko og sokkar for deltakarane. Til topps kom dei alle. Raskast var Birk Elde, som vann klassen for menn med tid 19,27, Mathilde Caldwell sigra i dameklasse med tida 22,19 medan Ulrik Elde sprang opp til siger i klassen for born med tida 25,16.