Stord IL har starta pr’en for neste års storsamling av unge handballspelarar på Vikahaugane. 2024 versjonen blir spesiell i og med at pinsen dette året får med seg ein ekstra fridag. 17. mai, nasjonaldagen fell på fredagen, så kjem pinseaftan laurdagen, så søndag som første- og måndag som andre pinsedag. Ei utfordring som den rutinerte festivaldugnadsgjengen taklar framifrå greitt.