– E di modne då? E di ‘kje bittesmå i år då? Da va jo så tort, torka di ‘kje vekk då, då?
Dette er nokre av motspørsmåla ein kan bli møtt med om ein denne sommaren prøver å framsnakka store mengder blåbær klare til hausting i stordskogen.
Svara blir at bæra er fint mogne no, blå og delikate og knallgode. Dei kan vera små på stader der jordlaget er grunt, men der det er normale høve er 2024-bæra av normal storleik. Og då gjerne i slik mengde på tuva at plukkaren er full og klar for tøming etter 10 minutt hausting..
Ha ei fin blåbærhelg.