Dag etter dag med nedbør er leisamt for oss alle, til og med for ei rista som er lagt over ei grøfta i gangvegen langs Vikabrekko. Det er nemleg ikkje slik at rista berre tek imot vatn og leiar dette inne i avløpssystemet, det følgjer så ymse med vasstraumen og det har lett for å tetta seg til. Og dermed renn vatnet nett der det vil. Slik stordront ser det, vil rista setja pris på bli rista – kort og greitt.