Som skyer og himmelkvelv og alt over oss for tida tykkjest by på utømelege på vassmengder, er ei vandring langs kaiane i Leirvik for tida ei utømeleg kjelde til betre humør. Me tenkjer på dei mange spenstige namn lystbåtfolket har døypt farkostane sine. Mange damenamn, ja , men også nokre godisar, som svensken seier, – som «Landkrabben» påskrive akter på seglaren frå Askøy.