– Når regn og vind pregar høgsommardøgera, fyllest det opp i gjestehamna vår. I dag morgon talde me 58 båtar til kaiane, og det er «rekord» så langt i sommar, seier hamnesjef Inge Espenes til stordront tysdag.
Han er då på morgonrunden saman med ferievikarane, som vil seia å henta ferske rundstykke på Amfi som frukostbidrag til båtgjestene, saman med fersk avis og anna info-materiell om tilboda i byen Stord.
Når trafikken er stor som no, hadde det vore greitt med endå meir kailengde å by på. For det er det er plass som er etterspurt – som ein naturleg følgje av at båtane blir større, medan gjestebryggene er som dei har vore siste ti-åra. Men elles er dei maritimt besøkande nøgde med fasilitetane hamna i Evjo har å by på .