Den truleg flottaste sandstranda i kommunen vår er å finna i LNF-området Leiro på Nordhuglo. Utfordringa er at den mjuke sanden berre kan nytast og nyttast ved fjæra sjø, nokre timar to gonger i døgeret. Det er så langgrunt i dette sjøbeltet at når det er flo sjø, ligg heile idyllen under salt vatn. Det også skjer to gonger i døgeret, året rundt, år etter år inn i evigheten.
Tidlegare i veka kunne stordront melda at statsforvaltaren i Vestland har peika på Leiro som kandidat til å bli verna naturområde. Ei av årsakene til dette valet, er at der er lokalisert fleire konsentrasjonar av det truga dvergålegraset.