Skal ein frå Litlabø til Leirvik, blir ein i krysset i Lønningsdalen tipsa om å køyra til venstre på E39. Kanskje greitt nok, men det må vera lov å spørja om dette er det absolutt trafikksikraste valet?.
Fordi; – skal ein nordover (mot venstre) må E39 kryssast på ein ikkje heilt oversiktleg stad for koma inn i rett vegbane. Meir trafikksikkert vil det vel vera å velja utkøyring på europavegen sørover (mot høgre) og køyra vidare til Leirvik via rundkøyringa på Vabakkjen. Då er det rett inn i rett fil med ein gong.
Eigne vedtak ligg til grunn når Vegvesenet set opp retnings-skilt. Kva grunnen er til nordleg Leirvik-val i Lønningsdalen, skal stordront.no freista finna ut av når ferietida er over.