Oppsitjarar i Brotalio meiner å har gode grunnar for å be kommunen fella eit svært høgt tre i grannelaget deira. Treet står på kommunal veggrunn og naboane har hatt sak gåande i tre år for å få det felt. I ny e-post til kommunen blir ankepunkta tekne opp att: – treet er ei sol-sperre, ein ser fare for rotvelt og straumleidningane går gjennom bladverket. Oppsitjarane saknar tilbakemelding frå tidlegare tilvendingar i tre-saka ber no om at spørsmålet kjem fram til rette vedkomande og at det blir teke ny synfaring.
Frå etaten får stordront opplyst at det har vore gjennomført kommunale synfaring, der konklusjonen vart at treet ikkje er til fare og at det difor får stå høgreist – enno ei stund.