Symjetur i blomehavet

Andemor med sin små, mellom vassliljer i Lønningstemmo. (Foto: Steinar Hystad)

Lønningstemmo har ein kjempebukett  vassliljer i full blom å by på til dei som i desse dagar legg turen framom. Kanskje er du like heldig som  stordront sin rontomkringvandrande var då vassliljene skulle forevigast:  – Med mobilen i «skotposisjon» kvakk han av  nokre kvasse kvakk-kvakk frå ei særs påpasseleg andemor. For å vera sikker på situasjonen samla ho sine tre små og til ein trygg og roleg symjetur i blomehavet. Det vart eit idyllisk naturbilete å nyta.