Sjå ned for desse ved Kulturhuset

Hadde problem med «take off’en» og laga kork i trafikken til Amfi. (Foto: Steinar Hystad)

– For tida har me store måsetrafikk over og rundt bygget her, men det verste er likevel når måseungane ikkje taklar første fyketuren sin. Då skjer det rett som det er at dei berre dett ned på plenen utfor her, noko om resulterer i ekstra mykje skrik og stupfyking av vernande foreldre.

Dette fortel tilsette i Stord Kulturhuset. Og for å understreka kor ille det kan vera, tipsar dei om å sjå opp til kuplane  over vestibylen. Der er det mykje skit.

Nærmar ein seg Kulturhuset i desse dagar, må ein rekna med måkeskrik over normalen.  På taket  er det  mange reier  og nyklekka måseungar som er nyfikne på nabolaget sitt.  Ein av dei små grå kom seg ikkje på vengene, vandra gatelags  og laga ein kort trafikkork ved innkøyrsla til Amfi-parkeringa.  Så sjå ned for småmåsar ved Kulturhuset.