På den vesle plenen utfor nordaustre hjørna på Rådhuset vårt, står eit glimrande døme på at Stord har vore, og er, ein vekstkommune.
Lauvtreet der har fått utfalda seg fritt (tykkjest som det, ja) og dekkjer etter kvart om lag ein firedel av fasaden mot Torget. Tuntreet har i høgde for lengst strekt seg godt over det kommunale høgsetet. Kanskje på tide at også denne sentrumsveksten får besøk av trepleiar?