Raude jordbær med kolossal meirsmak er for lengst på marknaden, dei blå smikkfulle i antioksidantar ventar i grøn lyng og då sola slo gjennom skydekket i middagstid onsdag, raudna første bringebæra. I den dyrka avdelinga, vel og merka – dei ville ( som gir smak til bringebærdropsa) – kjem i dessertversjon litt seinare. God varme har framskunda mogningsprosessen ei veke og vel så det i år, høve til fjoråret. Ha lukke til med plukkinga.