Ja, Leirvik – Oslo, via Kristiansand

Ja, denne bussen går direkte frå Leirvik til Oslo – med mellomstader.

– Kan da der vera rett, sa den spørjande forbipasserande og peika på skiltet på den toetasjes fletta nye VY-bussen som stogga på terminalen på  Leirvik kai. På rulleskiltet som viser kvar bussen har ruta, stod namna  Kristiansand – Oslo.

– Går da buss direkte herfrå te Oslo, då – kanskje?

Svaret er;  javisst gjer det det.  VY-bussen frå Bergen kvar morgon, har stopp på  Leirvik terminal og går derfrå kl 10.55. Elleve timar seinare, rett over kl 2200, stoppar same stasbussen i hovudstaden på Oslo sentralstasjon.  Til ein pris av  800-900 kroner har ein sete godt,  i godt sete og sett halve kongeriket fara forbi.  Det er naturlegvis stopp i større mindre byar og tettstader undervegs. Altså eit spennande reisealternativ, som viser kor sentralt i landet Stord eigentleg er plassert.