Rasteplassborda på Ventekaien, Leirvik terminal som det står i bussruta, er mykje i bruk og byrja etter kvart å merkast av både slitasje og ymsande vèr. Difor fekk dei robuste utemøblane her om dagen ein grunding vask og framsto etter ein omgang med såpe og vatn reine og innbydande. Blir kjekkare å bruka for dei som ventar på bussen, og dei som tek fiskekakelunsjen i rette maritime miljøet. Takka til sommarvikarane i Hamnestellet for tiltaket.