Etterlengta rehabilitering av ballbingar

I sommar vil totalt fem ballbingar få totalrehabilitering. Kommunen har fått i overkant av 1,5 millionar kroner i spelemidlar som bidrag til å rehabilitere dei fem ballbingane frå rundt 2007.

Arbeidet vert utført av Unisport, same selskap som for 16 år sidan satt opp bingane. 

Bingane vil få nytt kunstgrasdekke, ny kledning, nye nett og basketkorger, i tillegg til fangnett mot tre sider. Det betyr ei betydeleg oppgradering frå dagens standard og me håpar at det vil forlenga både levetid og brukstid på bingane. 

Kunstgraset som vert nytta i dei nye bingane er Unisport Saltex Bioflex og er omtalt som verdas første 100 % vekstbaserte innfyllsgranulat. Det vil sei at me har innfyll som vert 100 % nedbrytbart og kan resirkulerast. Som Miljøfyrtårn er kommunen med å bidra til grøne val i bygga og på eigedomane våre og dette er eit viktig steg. 

Driftsleiar for eigedom i Stord kommune, Jon Eirik Kvalnes, seier arbeidet er planlagt å vera ferdig til skulestart. Det betyr samstundes at ballbingane vil vera stengt i tida arbeidet pågår. Ballbingane som skal rehabiliterast er plassert på Leirvik skule, Sagvåg skule, Tjødnalio skule, Hystad skule og i Kåreviksmarka. 

(Denne saka er henta i si heilskap frå Stord kommune sine nettsider etter avtale. Foto: Jon Eirik Kvalnes, Stord kommune)