Det såg så lovande ut då den vesle parken i «indre» Borggata vart rigga med både skiferplatting, sittegruppe og kantar til bed. Men dei som trudde på hyggjeleg tilplanting og kommunal pleie av anlegget, er nok blitt litt vonbrotne. Det er ikkje nett prydplanter som spreier seg i vetleparken!
Dette er ein av få opne sentrumsnære plassar der ein kan sitja og nyta utsynet til sjøs, til Fjelberg og vidare med. Difor ser mange fram til at førsteslåtten snart blir teken – inklusive luking av ugras.