Ein særs nøgd byvandrar på Leirvik ber stordront.no senda ros og velfortent takk til den som har «planta» ankeret i bedet på Baard Haugland plass i Nordre kaisving. Det gjer stordront meir enn gjerne og sidan me veit at ankerplantaren i det kommunale grøne etat heiter Belinda Almås, er det til henne rosen her blir overlevert.
Ta turen og nyt synet!