Ordførar Gaute Straume Epland er invitert til Kronprinsparet sin 50 års feiring 25. august. I staden for gåve ønskjer kronprinsparet at gjestene som sjølv ønskjer det, bidreg med noko som kan skapa glede i lokalsamfunna dei er ein del av.
Ordføraren ønskjer difor å gje innbyggjarane gratis bading og kino i juli.
Bading
Gratis bading i kulturhuset. I sommar er symjehallen berre open på dagtid.
Måndag og torsdag: 11.00 – 12.00: Symjing / trening og 12.00 – 15.00: Ope for alle
Tysdag, onsdag og fredag: 12.00 – 15.00: Ope for alle
Sjølv om det er gratis må du skaffa deg billett til den symjetimen du ønskjer, og til kinoen.
Bestill billett til symjehallen Hugs å gå i kiosken for å få fargestrikk som viser kor lenge du kan bada.
Kino
Gratis barne- / familiefilm kl 12.15 kvar tysdag og torsdag i juli.
Kronprinsparet sin 50 års markering
Sommaren 2023 fyller Kronprinsen og Kronprinsessa begge 50 år. Det ønskjer dei å markera ved å løfta fram noko av det dei set aller størst pris på i Norge. Difor har Kronprinsparet vert på besøkt fem ulike stader rundt i landet. Dei fem reisene vil til saman bli ei fortelling om ulike delar av samfunnet vårt – om både det gamle og nye Noreg, om kven me er og om kva som har forma oss som folk. I august inviterer Kronprinsparet gjester frå heile landet til bursdagsfeiring.
Oversikt over stader, dei har besøkt:
-Industrisamfunn: Stord (februar)
– Håndverk og tradisjon: Setesdal og Telemark (mars)
– Vår samiske arv: Finnmark (april)
– Hav og kystkultur: Træna (mai)
– Urbant liv: Oslo (juni)
– Bursdagsfest: Bakgårdsfest på Slottet (august)
Henta frå Det Norske Kongehus.
(Denne saka er henta frå stord.kommune.no etter avtale)