– Ja, eg må sei eg er imponert over dei folkevalte i kommunen vår, som klarte halda saksfokus og engasjement gjennom samfulle 10 timar, seier ordførar Gaute Epland til stordront etter rekordmøtet i kommunestyresalen.
Det er heilt normalt at siste samling for lokalpolitikarane før ferien har mange og tunge saker på agendaen. Nemnast skal trase for E39, nye sjukeheimsplassar, budsett-saker – som alle gav lange ordskifte. I tillegg var det til kommunestyret 22. juni i år meldt inn fem interpellasjonar og 10 spørsmål. I sistnemnde kategori vart det gjort ein forkortande vri, ved at sju av spørsmåla berre fekk skriftleg svar vedlagt møteprotokollen.
Når stordront.nospurde seg føre i sekretariatet om dette kunne vera lengstvarande kommunestyremøte i Stord-soga, var svaret (ganske så) sikkert ja. I alle fall det lengste sidan Rådhuset byrja senda møta på kommune-tv i 2008.