Er du glad i padling med sjølvlaga kvikk-bygd-flåte og trivest med både småbåtspikking og rebusløp?. Dette er aktivitetar å vera med på i området kring ferjekaien og Huglabutikken søndag frå 12 til 1600. Frå 14.30 kan du ta pause og toppa det heile på konsert med Ragnhild K. Grov og Endre Olsen same staden. God mat å få kjøpt frå grillen, eller i Huglabutikken som har opne dører søndagane ut månaden.
– Huglo er eit glimrande mål for båtturen, og komiteen bak hugladagen minner om at det i tillegg til gjestekaien, er høve til å bruka ledige båsar i småbåthamna innom moloen.