– Jobbar for å fotball-lysa av seinast 2200

Lysmaster på «gamlebanen» i Prestagardsskogen. (Foto: Steinar Hystad)

I «spøjetimen» i kommunestyret sist veke tok Fredrik Litleskare (H) opp problematikken kring lysa på fotballbanane som står på  lenge etter normal treningstid. Han spurde om det  på marknaden i i dag finst utstyr kan moterast og som tek omsyn til tid for lyssetting og eventuelt årstider.? Vil ordførar ta initiativ overfor tekniske tenester om å få slikt oppdatert utstyr?

Litlekare understreka at spørsmåla ikkje var til «bebreidelse, men til ønske om økonomiske besparelser»

Det kommunale svaret lydde slik:

– Ja, det finnes utstyr på markedet i dag der ein kan styra belysning ut frå årstider, soloppgang og solnedgang. Dette har me i Stord kommune og på våre anlegg. Det har likevel vore nokre utfordringar med lysstyringa på fotballbanane i Prestegardsskogen. På den eldste banen i Prestegardsskogen er det montert eit astrour som skal tenna lyset og slå det av etter årstidene, og seinast kl. 22 00 kvar kveld. Det har vore nokre problem med styringa av lyset her, men det skal no vere i orden.

På den nye banen er det eit eige styringssystem som vert programmert ut frå treningstider. Her vert lyset tent og slått av automatisk dersom det er programmert rett. Det er her den som er ansvarleg for oppsetting av treningstider som og må leggja inn og forandre på kva tid ein treng lys og ikkje. På denne banen har det vore ei utfordring med at einskildpersonar har teke seg inn i styringsskapet og tent lysa, og då endra på det som alt er lagt inn.

Me vil og for dette systemet sjå på om det kan regulera seg sjølv i forhold til årstidene og slår seg av seinast kl. 22 00 kvar kveld slik som systemet på den eldste banen i Prestegardsskogen