Storfint besøk av den filippinske ambassadøren

Ordførar Gaute Straume Epland, varaordførar Nancy Johanne Aasheim og konstituert rådmann Mariann J. Hilt saman med den filippinske ambassadøren. Foto: Haldis Lauksund

Måndag 19.06.23 fekk me besøk av den filippinske ambassadøren til Noreg på rådhuset. Han var på Stord i samband med ei storstilt markering av den 125. filippinske frigjeringsdagen og 75 år med norsk-filippinsk samarbeid på Vikahaugane laurdag 17.06. med om lag 700 deltakarar.

Ambassadøren takka for måten stordsamfunnet har teke imot og inkludert filippinarar, som er den nest største innvandrargruppa i Stord kommune, etter innvandrarar frå Polen.

Det vart også drøfta korleis ein kan leggja til rette for filippinarar som vil komma til Stord for å jobba, ved å sikra effektiv handsaming av søknader og godkjenning av utdanning.

Me takkar for besøket og ser fram til vidare samarbeid.

(Denne saka er saksa i si heilskap frå Stord kommune sine nettsider – etter avtale)