I kombinasjon med bygging av den solide kaien og lendingsplassen på «innsida» av Fyrøya, vart det laga til eit originalt basseng. Kanskje einaste saltvassbassenget i kommunen, der vassmengda følgjer naturen si rullering mellom høgvatn og lågvatn. Bassenget har eiga sandstrand og vatnet held same temp som Bømlafjorden og Vikafle. Ein fin stad å kikka etter småkrabbar og minifiskar. Den vesle bøygen med denne kommunale badeplassen er at ein må i båt for å nå han.