– Kva rådevelde har Stord til å gjenreisa Hystad-øyane som hekkestad og badeplass?
Det spørmsålet ville Geir Angeltveit (V) ha eit svar på i førre kommunestyremøte. Øyane, som i gamle dagar var attraktive hekkestader for sjøfugl, samt badeplasser der ein ofte gjkk i land med båt, har deu siste åra er blitt særs skogkledde,
Angeltveit oppmoda kommunen om å gå i dialog med dei øvrige grunneigarane på mogelegheita for hogst og delvis rydding av Hystadøyane og spør:
– Kva handlingsrom har kommunen til å ta eit slikt miljø-initiativ?
Svaret er med dette servert:
Kommunen har som grunneigar høve til å rydde Husøy (Fyrøya) for tre og buskar for å tilbakeføre attgrodd landskap til ope landskap. Holmen kan og brennast for å stimulere ev lyngvegetasjon. Beitedyr kan og bidra til å restaurere og halde nede vegetasjonen på holmane. Ved at kommunen tek initiativ til å legge til rette for sjøfugl vil ein vere eit godt
døme på ein kommune som tek miljøspørsmål på alvor.
Utover dette kan kommunen berre oppfordre andre eigarar av Hystadøyane til å gjere det same.
For denne type initiativ er det mogleg å søke om tilskot.
Husøy og delar av Midtøy (Fyrøya) har status som statleg sikra friluftsområde. Miljødirektoratet har ei eiga tilskotsordning for statleg sikra friluftsområde. Her er det mogleg å søke om tilskot til opparbeiding av området, tilrettelegging og skjøtsel.
Det vert stilt krav om at kommunen/friluftsråd har utarbeidd forvaltningsplan for området.