Ja, me har redusert matsvinnet

På kveldstid kjem plakaten om varm mat til halv pris opp om bord i «Lysøy». (Foto: Steinar Hystad)

Klokkar strekkjer seg mot  20.00 og på kiosk-disken om bord i  Torghatten Nord si ferje «Lysøy» kjem det opp eit  skilt som varslar varm mat til halv pris. Under glasvernet  står det oppstilt freistande storkomler (komper, som det blir sagt sør i landet). Når det blir spurt om kvifor, er det gode svaret frå byssa:

– Har me ein del varmrettar att når det lid mot dei siste turane med open kiosk, set med prisen ned for å redusera matsvinnet. Så enkelt er det.

– Og det virkar?

– Ja det er rart med gode tilbod. Her om bord har blir det kasta mindre mat etter at dette tiltak blei innført.