Ikkje spesielt godt synleg bodskapen om fiskereglar frå Leirvik molo. Skiltet heng høgt – og ikkje minst fordi informasjonen vender ut mot Fle og sjø. Men dei spesielle reglane gjeld, lell, stadfester fiskeforvaltar Gry Walle hjå statsforvaltaren i Vestlandet (tidlegare fylkesmannen).
– Skiltet viser til ei særskilt forskrift, kva seier den. Og kva fiskesone er det tale om?
– Sona gjeld utløpet av Frugardsvassdraget, som rekk fram til moloen. Forskrifta fortel mellom anna at det ikkje er lov å fangsta laks og sjøaure i innan sona
– Skulle ein torsk sjå seg interessert i sluken som bil kasta ut frå området under Storddøra?
– Ja, då er det berre å snella han inn, det same med makrell, torsk, pala eller lyr, seier fiskeforvaltaren til stordront.no