Slik var velkomsten i 1981

Den store fjordabåten vart slept til Nattrutekaien i slutta august 1981. (Foto: Tor Resser)

«O.T.Moe» var namnet på styrehusfronten då tidlegare HSD flaggskipet vart slept  frå Bjørvika i Oslo til Leirvik,  med ankomst 29. august 1981.

Etter å har gått i diverse ruter i Hordaland, frå sjøsettinga i Bergen 1913 til 1959, vart fjordabåten «Stord» selt til  Oslo kreds av Det Blå Kors, fekk namnet «O.T. Moe» og fungerte som flytande hybel- og sosialsenter i hovudstaden i 10 år. Då båten igjen kom for sal, melde bergensbaserte  Veteranskipslaget Fjordabåten seg som kjøpar og fekk tilslaget.  Det var klart for nydåp. No blei namnet «Stord I», og eit omfattande restaureringsarbeid vart sett  i gang, med mellom anna attendeføring til dampmaskineri for framdrifta.  I 1987 var veteranen klar for å setjast i charterdrift  frå Bergen, på turen nordover braut det ut brann i maskinrommet og fartyet blei totalt utbrent, innvendes.  Skroget vart berga og eit meir ein omfattande oppbyggingsarbeidet vart drege i gang av entusiastar. I 2013 fekk kystkulturminnet «Stord I» attende passasjersertifikatet.

Tar du turen om bord når «gamle dampen» igjen kjem til Stord og Sunnhordland denne helga, er du garantert ei god oppleving av korleis det var å vera stille på reis mellom øyar og i fjordane her vest 80-90 år sidan.