Det som tidlegare var luftegarden for Stord Hjelpefengsel, er blitt den sommarlege konsertarena for Gamle Fengselet Kulturhotell.
– Ny platting er bygt, og på den står det nett noe eit telt der det på førsommaren er halde fleire større selskap. I teltet kan me dekka til 160 gjester, fortel hotellvert Asle Ege Dahl til stordront.no
– Men det reknar me ikkje med er nok plassar ved dei to storkonsertane me kan by på i juli. Henning Kvitnes den 7. og Vamp den 21.. Då blir teltet teke ned, mobilscenen køyrd inn og plattingen rigga med 400 stolar. I august kjem telt opp att, til ein kveld med kvartetten Bergesen, Wichman, Træet og Torget i «Fitjarrevyen» og konsert med gladjazz i samarbeid med Stord Jazzklubb.
– Kva med belegget på cellene og romma?
– Det går veldig bra, med stort sett fullt i vekene og kanskje litt ledig i helgane, seier hotellverten.