Ja til nybygg – rådmannen snur

Rådmannen/kommunedirektøren rår til at lagerbygget no blir rive. (Foto: Steinar Hystad)

Går det som rådmannen/kommunedirektøren no legg opp til, blir det både riving og nybygg mellom  snikkerverkstaden og trafoen på Vabakkjen. Den heilt rette adressa er Vikastemmo, etter som vegstubben frå rundkøyring ned mot Vikabrekko og Leirvik skule har dette namnet.

Stord Eiendomsforvaltning AS leverte klage då eining for regulering, byggesak og oppmåling sa nei til nybygg på tomten, då det tidlegare i år vart søkt om  både riving og reisning av nytt næringsbygg. Etter RBO sitt syn var det for mykje uklart i høve til fylkeskommunen og deira anlegg for ny vidaregåande på yrkesskuletomten.  I klagen vart det vist til at alle punkt var avklarte med fylket, som ikkje hadde merknader til nytt bygg, i byte med det salryggja lageret  

Klagar på  fullmaktsvedtak frå  RBO, endar opp som politiske saker i  Utval for plan og utvikling.  Rive- og byggesøknaden frå  Stord Eiendomsforvaltning skal til behandling i  utvalet torsdag 29. juni.