Ta deg ein tur med «gamle dampen»

Stord 1, ved Sunnhordlandskaien. Om bord er det gjort eit høgst imponerande restaureringsarbeid etter brannen i 1987. (Foto: Steinar Hystad)

«Stord I» ber tilnamnet «gamle dampen» med 100 prosent rette: – Båten er blitt 110 år og damp driv det stilslege framdriftsmaskineriet. 

Ein tur med «Stord I» er ei nostalgisk oppleving  på høgt plan. Det blir det høve til å vera med på denne veka, når dampbåten har fleire turalternativ å tilby sunnhordlendingar. 

Frå Bergen til Rubbestadneset torsdag, frå Rubbestadneset til Leirvik fredag føremiddag, og kveldstur frå Lervik, rundt Halsnøy og gjennom Fjelbergsund attende til Leirvik.

Laurdag morgon kan ein følgja  «Stord I  til Fitjar, der det blir open båt nokre timar. 

Informasjon om rutene og billettkjøp er å finna på nettsida stord1.no – eller telefon 905 88 708.