Frå Lerwick til Leirvik

Lerwick på Shetland – namnebror til Leirvik på Stord. (Foto: Steinar Hystad)

Så langt på førsommaren i år, er det større seglbåtar med mannskap som har vore flittigaste brukarane av fasilitetane i  gjestehamna i Leirvik.

Tyske, danske, britiske, svenske, nederlandske og norske flagg har vore å sjå.  Ei elegant treskute frå Sørengland med 85 års fartstid fekk mange beundrande blikk der ho låg ved eine uteriggaren ei natt. Blikk vart det også ein del av mot akterenden på ein 40-fotar,der det stod  Lerwick – medan båten førte norsk flagg. Lerwick er hovudstaden  i Shetland – (og som ein namnebror å rekna for Leirvik – hovudstaden på Stord). Forklaringa frå reiaren var at han nett hadde kjøpt både  på øygruppa vest i havet, men hadde venta litt med endring av heimehamn – til Bergen.