Nokre bøtter betong vil hjelpa mykje

Sett med «universell utforming augo» er den bratte rampen eit problempunkt på den mykje brukte hamnepromenaden. (Foto: Steinar Hystad)

Den eldre mannen kom på ny el-scooter og sikta seg inn på rampen mellom kaien inst i Evjo/gjestehamna og Notahaugsbryggjo,  men snudde.

– Det er for bratt for denne typen køyrety, anten ein skal opp eller ned. Eg vågar meg ikkje innpå rampen slik han er no.  Nokre bøtter betong er vel det som trengt for å gje ei rettare universell utforming.  Det hadde vore eit stort pluss for heile hamnepromenaden vår om det vesle inngrepet kunne blitt gjort, seier  sjåføren på el-scooteren til stordront.no.