Siste tida har denne sykkelen hatt eit litt omflakkande tilvære langs hamnepromenaden i Leirvik. Kor og korleis skal ikkje drøftast her, men truleg er det einkvan om eig den svarte «Diamant’n» og saknar han. Ved avfotografering søndag kveld låg sykkelen, som ser ut til å vera i ok teknisk stand, på grusen rett inn frå den nye uteriggaren til seilforeningen på Skotabergkaien.