Høgsommar når sola rundar Kattnakken

Rundt klokka 22 kjem sola attende til Huglo, etter å har vore ei tid i skjul bak Kattnakken. (Foto: Steinar Hystad)

Skulle sjølvsagt ikkje vore nemnt, men den knallharde realitet er vanskeleg å lura seg utanom, i alle fall når det gjeld sola og skinet frå herlegdomen der oppe på kvelven. Onsdag komande, den 21. juni er det sommarsolverv, som er einstydande med at sola »snur» og dagen blir smått kortare. Men det skal ikkje  dvelast så lenge ved, viktigaste er å nyta stunda I sola. Og akkurat det får dei ekstra høve til på sein kveld, dei som har tilhald bur i austraste bydel i Stord. Det blir Huglo og særleg Nordhuglo. Der er teiknet på god høgsommar, når sola første gå ned bak Stovegolvet og Kattnakken – for så å koma fram att og halda seg synleg til 23 og vel så det på nordsida av Kattnakken.  Det skjer i desse dagar.